Tilbake til alle arrangementer

Erlend Grøstad hundre år - vårsesong


  • Nutheim Kunstsenter 1283 Flatdalsvegen Flatdal, Vestfold og Telemark, 3841 Norway (kart)

Erlend Grøstad hundre år

Erlend Grøstad (19.02.1923 - 10.04.2018) debutera som målar i 1948 og vart etterkvart ein kjendt landskapsmålar. Han jobba gjennom eit langt liv med å byggje opp Nutheim Gjestegiveri som eit kunstsenter. Mellom anna arrangerte han målarskule om sommarane frå 1961. Han fekk, saman med bror sin kunstnaren Terje Grøstad, Kongens Fortjenestemedalje i 1996.

Utstillinga er i tre deler og viser tre epoker:

  • I REKLAMEN - ein ung reklamemålar med kunstnarlege ambiasjonar

  • BILETBYGGJAREN - eit sytti år langt kunstnarskap i perspektiv

  • REPETISJONAR - den siste biletserien til ein kunstnar med Alzheimer

Utstillinga er open i Nutheim Gjestgiveri sine opningstider eller på bestilling.

Fem på tolv av Erlend Grøstad 1951
Forrige
Forrige
27. august

Utstillingsopning: Erlend Grøstad 100 år

Neste
Neste
30. juni

Den langsomme veien gjennom skogen og hjem