Erlend Grøstad

Erlend Grøstad (1923 - 2018) var utdanna ved Statens Kunstakademi, Oslo under Per Krohg 1948–51. Han dreiv målarskule på Nutheim frå 1961.

Da jeg kikket ut gjennom teltet utpå morgensiden så jeg rett mot Skorve. Et eventyrlig skue, den vakreste naturopplevelse jeg noen gang har hatt. Det var som om jeg hørte en slags indre stemme som sa:
- Her kommer du til å bli!
— Erlend Grøstad

Erlend Grøstad kom til Nutheim saman med sin bror Terje Grøstad 29. august 1949. Dei skulle begge etter kvar slå seg ned her og gifte seg med kvar si syster.

Erlend Grøstad hadde sterk vilje og ein tydeleg visjon. På den bygde han opp både sitt kunstarskap og Nutheim som eit kunstsenter.

Saman med kona si Ninni, syte han for å vidareførte tradisjonen med å samle kunstnarar i området. Og så tilførde han noko nytt ved å undervise på den kjende målarskulen han bygde opp.

Målaskulen

Erlend Grøstad bygde opp ein instutisjon med målarskulen på Nutheim. Elevane kom frå heile Norden for å lære om landskapsmåling og tegning.

Undervisninga vart lagt opp etter prinsippa til “Matisse-elevane” som Erlend var spesielt opptatt av. Fleire av “Matisse-elevane”, slik som Henrik Sørensen, hadde også vitja området myke i tida før krigen.

Erlend Grøstad var opptatt av geometriske prinsipp og komposisjon. I målarkursa hans var det mykje fokus på korleis en byggjer opp komposisjonen i biletet med ulike geometriske grunnfigurar.

Det er framleis mogleg å delta på målarkurs på Nutheim. Dottera hans, Ellen Grøstad Barstad, er ein av mentorane på kursa.

Frå Per Krohgs klasse ved kunstakademiet, ca 1949.

Bak f.v. Ukjent, Erlend Grøstad, ukjent, Ivar Jerven, ukjent, ukjent. Framme f.v. Per Krohg, Thorstein Rittun, ukjent, Bård Brodersen

Foto: Terje Grøstad