Nutheim Kunstsenter

Nutheim Kunstsenter - med age for det gamle og giv til det nye. Nutheim Kunstsenter skal vere eit kraftfelt for kunst og kultur i regionen og arrangere konsertar, kurs og kuratere utstillingar av høg kunstnarisk kvalitet. Målgruppa er både lokalbefolkninga og kulturinteresserte turistar.

Kunstnarkolonien Nutheim

Etter at Henrik Sørensen vitja området og tok inn på Nutheim i 1917, strøymde det kunstnarar til områet. Dei arbeidde iherdig med å få fest sine nye motiv til lerreta, og om kvelden samla dei seg på Nutheim for å kvile, eta og drikke, krangle og diskutere rundt dagens fangst. Det blei sagt at ein ikkje kunne setje seg på ein stein i heile Flatdal utan å få ein målingsflekk i fua.

Nutheim står sentralt i norsk kunsthistoria og er vitja av mange kjende kunstnarar. Sommaren 2023 kan du sjå utstillinga “Streif langs Sogevegen” i låven på Nutheim Gjestgiveri som fortel noko av historien til kunstnarkolonien.