
Nutheim Kunstsenter
Nutheim Kunstsenter arrangerer utstillingar, konsertar, kurs og seminar for kunst- og kulturhistorieinteresserte.
Nutheim Kunstsenter er ein plattform for det kreative miljøet rundt Nutheim Gjestgiveri. Nutheim Kunstsenter skal legge til rette for gode samarbeid og vere med å bidra til at området er levande. I samarbeid med m.a. Grøstadatelieret og Nutheim Gjestgiveri arrangerar vi utstillingar, konsertar, kurs, seminar og konsertar.
Vi har også gjesteatelier og fellesverkstad med moglegheit for kunstnarresidens.
Nutheim Kunstsenter ynskjer å leggje til rette for eit dynamisk og kreativt miljø i indre Telemark, med respekt og interesse for både nyskapande og tradisjonsbunden kunst.
Ta kontakt!
post@nutheimkunstsenter.no
Flatdalsvegen 896
3841 Flatdal
Kunstnarkolonien Nutheim
Etter at Henrik Sørensen vitja området og tok inn på Nutheim i 1917, strøymde det kunstnarar til områet. Dei arbeidde iherdig med å få fest sine nye motiv til lerreta, og om kvelden samla dei seg på Nutheim for å kvile, eta og drikke, krangle og diskutere rundt dagens fangst. Det blei sagt at ein ikkje kunne setje seg på ein stein i heile Flatdal utan å få ein målingsflekk i fua.
Nutheim står sentralt i norsk kunsthistoria og er vitja av mange kjende kunstnarar. Sommaren 2023 kan du sjå utstillinga “Streif langs Sogevegen” i låven på Nutheim Gjestgiveri som fortel noko av historien til kunstnarkolonien.
-
Nutheim Kunstsenter arrangerar konsertar i eit vidt spenn av sjangrar. Alt frå folkemusikk og jazz til rock og pop.
-
Nutheim Kunstsenter set opp utstillingar med både gamal og ny kunst. Det er galleri både i kjellaren på Nutheim Gjestgiveri og på loven framom Gjestgiveriet.
-
Me arrangerar ulike kurs og har kompetanse på mange ulike teknikkar og fagområde. Vi kan også lage kurs etter ynskje.
-
Nutheim Kunstsetner disponerer fleire godt utstyrte verkstadar for grafikk, trearbeid, keramikk, innramming og meir.